Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 27:46-57 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

46. Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Elí, Elí, lemá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»

47. Nokre som stod der, høyrde det og sa: «Han ropar på Elia.»

48. Og med det same sprang ein av dei fram, tok ein svamp og fylte med eddikvin, feste han på ei stong og ville la han få drikka.

49. Men dei andre sa: «Lat oss sjå om Elia kjem og bergar han.»

50. Men Jesus ropa atter med høg røyst, og så anda han ut.

51. Då rivna forhenget i templet i to frå øvst til nedst. Jorda skalv og berga rivna.

52. Gravene opna seg, og mange heilage som var avlidne, stod lekamleg opp.

53. Etter at Jesus hadde stått opp, gjekk dei ut or gravene og kom inn i den heilage byen, og der synte dei seg for mange.

54. Men då offiseren og dei som var med han og heldt vakt over Jesus, såg jordskjelvet og det som hende, vart dei gripne av redsle og sa: «Sanneleg, han var Guds Son!»

55. Det var òg mange kvinner der; dei stod langt unna og såg på. Dei hadde fylgt Jesus frå Galilea og tent han.

56. Mellom dei var Maria Magdalena, Maria, mor til Jakob og Josef, og mor til Sebedeus-sønene.

57. Då det vart kveld, kom det ein rik mann som heitte Josef og var frå Arimatea. Han hadde vorte ein Jesu læresvein.

Les hele kapitlet Matteus 27