15. Kvar høgtid var landshovdingen van å gje ein fange fri, den som folket ville ha.
16. Den gongen hadde dei ein velkjend fange som heitte Barabbas.
17. Pilatus spurde no folket som hadde samla seg: «Kven vil de at eg skal gje dykk fri, Barabbas eller Jesus, han som vert kalla Messias?»
18. For han visste at det var av misunning dei hadde gjeve Jesus i hans hand.
19. Medan Pilatus sat i domarsetet, sende kona hans bod til han og sa: «Ha ikkje noko med denne skuldlause mannen å gjera. Eg har drøymt så vondt i natt for hans skuld.»
20. Men overprestane og dei eldste overtalde folket til å krevja Barabbas frigjeven og Jesus drepen.
21. Og då landshovdingen spurde: «Kven av dei to vil de at eg skal gje dykk fri?» svara dei: «Barabbas.»
22. «Kva skal eg då gjera med Jesus, han som vert kalla Messias?» spurde Pilatus. Då ropa dei alle: «Krossfest han!»
23. «Kva vondt har han gjort?» spurde han. Men dei ropa berre endå høgare: «Krossfest han!»
24. Då Pilatus såg at han ingen ting kunne gjera, og at ståket vart verre, tok han vatn, vaska hendene medan folket såg på og sa: «Eg har inga skuld i blodet åt denne mannen. Dette lyt de svara for.»
25. Og alt folket svara: «Lat blodet hans koma over oss og borna våre.»
26. Då gav han dei Barabbas fri, men han lét Jesus verta piska og gav han over til krossfesting.