Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 23:24-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Blinde rettleiarar! De siler av myggen, men svelgjer kamelen.

25. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er dei fulle av havesykje og lyster.

26. Blinde farisearar! Gjer fyrst skåla rein inni, så vert ho rein utanpå òg!

27. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De liknar kvitkalka graver. Utanpå er dei fine å sjå til, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap.

28. Så er det med dykk òg: I det ytre, det folk ser, er de rettferdige; men inni er de fulle av hyklarskap og urett.

29. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De byggjer gravmæle over profetane og pryder gravene åt heilage menn og seier:

30. Hadde vi vore til då fedrane våre levde, då hadde vi ikkje vore med på å drepa profetane.

31. Så vitnar de sjølve at de er born åt dei som slo profetane i hel.

32. Hald fram som fedrane dykkar til målet er fullt.

33. Slangar og ormeyngel! Korleis kan de sleppa å verta dømde til helvete?

34. Difor sender eg til dykk profetar og vismenn og skriftlærde. Somme av dei kjem de til å drepa og krossfesta, somme kjem de til å piska i synagogene og forfylgja frå by til by.

35. Såleis skal straffa koma over dykk for alt det skuldlause blodet som har runne på jorda, heilt frå drapet på den rettferdige Abel til drapet på Sakarja, son til Barakia, han som de slo i hel mellom templet og altaret.

36. Sanneleg, det seier eg dykk: Over denne ætta skal det koma alt saman.

37. Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje.

38. Så høyr: Audt og tomt skal huset dykkar verta.

39. For eg seier dykk: De får aldri sjå meg meir før de seier: Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn!»

Les hele kapitlet Matteus 23