Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 23:2-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. «På Mose stol sit dei skriftlærde og farisearane.

3. Alt det dei seier til dykk, skal de gjera og halda; men etter gjerningane deira skal de ikkje retta dykk. For dei seier eitt og gjer noko anna.

4. Dei bind tunge bører og legg på akslene åt folk, men sjølve vil dei ikkje røra dei med ein finger.

5. Alle sine gjerningar gjer dei så folk skal sjå det. Dei gjer sine bønereimar breie og sine minneduskar store;

6. dei elskar å ha heidersplassane i gjestebod og sitja fremst i synagogene,

7. og vil gjerne at folk skal helsa dei på torget og kalla dei rabbi.

8. Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er éin som er læraren dykkar, og de er alle sysken.

9. Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen.

10. Lat heller ikkje nokon kalla dykk rettleiarar; for de har éin rettleiar: Kristus.

11. Den største av dykk skal tena dei andre.

12. Den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.

13. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De stengjer himmelriket for folk. Sjølve går de ikkje inn, og dei som vil gå inn, hindrar de.

14. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De slår til dykk husa åt enkjer og held lange bøner for syn skuld. Difor skal de få så mykje hardare dom.

15. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De dreg land og strand for å vinna ein einaste tilhengjar, og når det har lukkast, gjer de han til ein som fortener helvete dobbelt så mykje som de sjølve.

16. Ve dykk, blinde rettleiarar, som seier: Sver du ved templet, har det ikkje noko å seia; men sver du ved gullet i templet, då er du bunden.

17. Blinde dårar! Kva er størst, gullet eller templet som gjer gullet heilagt?

Les hele kapitlet Matteus 23