Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 16:6-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Jesus sa til dei: «Ta dykk i vare og akta dykk for surdeigen til farisearane og saddukearane.»

7. Dei tenkte på dette og sa til kvarandre: «Det er fordi vi ikkje har teke brød med oss.»

8. Men Jesus merka det og sa: «Kor lite tru de har! Kvifor talar de om at de ikkje har brød?

9. Skjønar de enno ingen ting? Hugsar de ikkje dei fem brøda til dei fem tusen, og kor mange korger de då fekk att?

10. Eller dei sju brøda til dei fire tusen, og kor mange korger de då fekk att?

11. Korleis kan de tenkja at det var brød eg tala om? Men ta dykk i vare for surdeigen til farisearane og saddukearane.»

12. Då skjøna dei at det ikkje var surdeig i brød dei skulle akta seg for, men læra til farisearane og saddukearane.

13. Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?»

14. Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia, og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.»

15. «Og de,» spurde han, «kven seier de at eg er?»

16. Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.»

17. Jesus tok til ords og sa: «Sæl er du, Simon, Jonason. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen.

18. Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette berget vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne.

Les hele kapitlet Matteus 16