Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 13:43-58 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

43. Då skal dei rettferdige skina som sola i riket åt Far sin. Den som har øyro, han høyre!

44. Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att, og glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han åtte, og kjøpte åkeren.

45. Sameleis er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter vene perler.

46. Då han fann ei svært verdfull perle, gjekk han bort og selde alt det han åtte, og kjøpte henne.

47. Sameleis er himmelriket likt ei not som vert kasta i sjøen og fangar fisk av alle slag.

48. Når ho er full, dreg fiskarane henne opp på stranda. Så set dei seg ned og samlar den gode fisken i kjerald, men den ubrukelege kastar dei.

49. Såleis skal det gå når enden på verda kjem. Englane skal fara ut og skilja dei vonde frå dei rettferdige

50. og kasta dei vonde i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner.

51. Har de skjøna alt dette?» «Ja,» svara dei.

52. Då sa han til dei: «Difor er kvar skriftlærd som har gått himmelriksskulen, lik ein husbond som hentar fram nytt og gamalt av det han har teke vare på.»

53. Då Jesus hadde fortalt desse likningane, fór han derifrå

54. og kom til heimstaden sin. Der lærte han folket i synagoga deira, så dei vart reint opp i undring og spurde: «Kvar har han fått visdomen sin frå, og korleis kan han gjera slike mektige gjerningar?

55. Er ikkje dette son til tømmermannen? Heiter ikkje mor hans Maria, og brørne hans Jakob og Josef og Simon og Judas?

56. Og systrene hans, bur dei ikkje her alle saman? Kvar har han vel alt dette frå?»

57. Og dei støytte seg på han. Men Jesus sa til dei: «Ein profet vert ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden sin og hjå sine eigne.»

58. Og han gjorde ikkje mange mektige gjerningar der, fordi dei var så vantruande.

Les hele kapitlet Matteus 13