Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 13:30-47 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

30. Lat dei begge veksa med einannan til hausten. Og når skurdonna kjem, vil eg seia til onnefolka: Sank fyrst saman ugraset og bunta det i hop til å brennast, men kveiten skal de samla i løa mi.»

31. Ei likning til sette han fram: «Himmelriket er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i åkeren sin.

32. Det er mindre enn alle andre frø, men når det har vakse opp, er det større enn andre hagevokstrar; det vert til eit tre, og fuglane i lufta kjem og byggjer reir i greinene på det.»

33. Endå ei likning fortalde han dei: «Himmelriket er likt ein surdeig som ei kvinne tok og la inn i tre mål mjøl, til alt i hop var syrt.»

34. Alt dette sa Jesus til folket i likningar, og han tala ikkje til dei utan i likningar.

35. Såleis skulle det oppfyllast, det som er sagt ved profeten:Eg vil opna min munn ¬og tala i bilete,bera fram det ¬som har vore løyntfrå verda vart til.

36. Så gjekk Jesus bort frå folket og inn i huset. Då kom læresveinane til han og sa: «Forklar oss likninga om ugraset i åkeren!»

37. Han svara: «Den som sår det gode kornet, er Menneskesonen.

38. Åkeren er verda. Det gode kornet er dei som eig heime i riket, og ugraset er dei som høyrer den vonde til.

39. Uvenen som sådde ugraset, er djevelen. Skurden er enden på verda; skurdfolket er englane.

40. Liksom ugraset vert sanka saman og brent, såleis skal det gå når enden på verda kjem:

41. Menneskesonen skal senda ut englane sine, og dei skal sanka saman og ta ut or riket hans alt som fører til fall og alle som gjer urett,

42. og kasta dei i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner.

43. Då skal dei rettferdige skina som sola i riket åt Far sin. Den som har øyro, han høyre!

44. Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att, og glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han åtte, og kjøpte åkeren.

45. Sameleis er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter vene perler.

46. Då han fann ei svært verdfull perle, gjekk han bort og selde alt det han åtte, og kjøpte henne.

47. Sameleis er himmelriket likt ei not som vert kasta i sjøen og fangar fisk av alle slag.

Les hele kapitlet Matteus 13