Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 13:20-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Den som vart sådd på steingrunn, er den som høyrer ordet og straks tek imot det med glede.

21. Men han har ikkje rot i seg og held ut berre ei stund. Når han møter trengsle eller forfylging for ordet skuld, fell han straks ifrå.

22. Den som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet; men suta for dette livet og den svikefulle rikdomen kjøver ordet, så det ikkje ber frukt.

23. Men den som vart sådd i god jord, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre foll, seksti foll eller tretti foll.»

24. Så sette han fram for dei ei anna likning og sa: «Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sått godt korn i åkeren sin.

25. Men medan folket sov, kom uvenen hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg.

26. Då no kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til synes.

27. Tenarane gjekk til husbonden og sa: Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?

28. Det har ein uven gjort, svara han. Vil du vi skal gå og riva det opp? spurde dei.

29. Nei, svara han, for då kjem de til å riva opp kveiten saman med ugraset.

30. Lat dei begge veksa med einannan til hausten. Og når skurdonna kjem, vil eg seia til onnefolka: Sank fyrst saman ugraset og bunta det i hop til å brennast, men kveiten skal de samla i løa mi.»

31. Ei likning til sette han fram: «Himmelriket er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i åkeren sin.

32. Det er mindre enn alle andre frø, men når det har vakse opp, er det større enn andre hagevokstrar; det vert til eit tre, og fuglane i lufta kjem og byggjer reir i greinene på det.»

33. Endå ei likning fortalde han dei: «Himmelriket er likt ein surdeig som ei kvinne tok og la inn i tre mål mjøl, til alt i hop var syrt.»

34. Alt dette sa Jesus til folket i likningar, og han tala ikkje til dei utan i likningar.

35. Såleis skulle det oppfyllast, det som er sagt ved profeten:Eg vil opna min munn ¬og tala i bilete,bera fram det ¬som har vore løyntfrå verda vart til.

Les hele kapitlet Matteus 13