Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 10:5-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Desse tolv sende Jesus ut, og han baud dei:Ta ikkje vegen til heidningane, og gå ikkje inn i nokon av samaritanbyane!

6. Men gå til dei bortkomne sauene i Israels-folket.

7. Og kvar de kjem, skal de ropa ut: Himmelriket er nær!

8. Læk sjuke, vekk opp døde, gjer spedalske reine, og driv ut vonde ånder! For inkje har de fått det, for inkje skal de gje det.

9. Ta ikkje med dykk gull eller sølv eller kopar i beltet,

10. og heller ikkje ferdaskreppe, ikkje to kjortlar, ikkje skor og ikkje stav. For ein arbeidsmann er kosten sin verd.

11. Når de kjem til ein by eller landsby, så spør dykk føre kven som er verdig til å ta imot dykk; hjå han skal de vera til de fer lenger.

12. Og når de kjem inn i huset, skal de helsa det med fred.

13. Er huset verdt det, skal freden kvila over det; men er huset ikkje verdt det, skal freden venda attende til dykk.

14. Men er det nokon som ikkje vil ta imot dykk og ikkje vil høyra på bodskapen dykkar, då skal de gå bort frå det huset eller den byen og rista støvet av føtene.

15. Sanneleg, det seier eg dykk: På domedag skal Sodoma- og Gomorra-landet sleppa lettare enn den byen.

16. Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver kloke som ormar og godtrune som duer!

17. Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogene.

18. Og de skal førast fram for landshovdingar og kongar for mi skuld og vitna for dei og for folkeslaga.

19. Men når dei dreg dykk for retten, så syt ikkje for korleis de skal tala eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda.

20. For det er ikkje de som talar; det er Anden åt Far dykkar som talar gjennom dykk.

21. Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og valda at dei døyr.

22. Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst.

23. Men når dei forfylgjer dykk i ein by, så røm til ein annan! Sanneleg, det seier eg dykk: De vert ikkje ferdige med byane i Israel før Menneskesonen kjem.

Les hele kapitlet Matteus 10