Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 10:14-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Men er det nokon som ikkje vil ta imot dykk og ikkje vil høyra på bodskapen dykkar, då skal de gå bort frå det huset eller den byen og rista støvet av føtene.

15. Sanneleg, det seier eg dykk: På domedag skal Sodoma- og Gomorra-landet sleppa lettare enn den byen.

16. Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver kloke som ormar og godtrune som duer!

17. Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogene.

18. Og de skal førast fram for landshovdingar og kongar for mi skuld og vitna for dei og for folkeslaga.

19. Men når dei dreg dykk for retten, så syt ikkje for korleis de skal tala eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda.

20. For det er ikkje de som talar; det er Anden åt Far dykkar som talar gjennom dykk.

21. Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og valda at dei døyr.

22. Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst.

23. Men når dei forfylgjer dykk i ein by, så røm til ein annan! Sanneleg, det seier eg dykk: De vert ikkje ferdige med byane i Israel før Menneskesonen kjem.

24. Ein læresvein står ikkje over meisteren sin, og ein tenar står ikkje over husbonden sin.

25. Det er nok for ein læresvein at han får det som meisteren, og for ein tenar at han får det som husbonden. Har dei kalla husbonden Beelsebul, kan då husfolket hans venta noko betre?

26. Ver ikkje redde dei! For ingenting er gøymt utan at det skal fram, og ingenting er løynt utan at det skal verta kjent.

27. Det eg seier dykk i mørkret, skal de tala i ljoset; det som vert kviskra dykk i øyra, skal de ropa ut frå hustaka.

28. Ver ikkje redde dei som drep lekamen, men ikkje kan drepa sjela. Ottast heller han som kan tyna både sjel og lekam i helvete.

29. Sel dei ikkje to sporvar for eit par øre? Men utan han som er Far dykkar, fell ikkje éin av dei til jorda.

30. Ja, kvart håret på hovudet dykkar er talt.

31. Så ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar.

32. Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen.

Les hele kapitlet Matteus 10