Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 9:9-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. På vegen ned frå fjellet baud han dei at dei ikkje skulle tala til nokon om det dei hadde sett, før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde.

10. Dei merka seg det ordet og drøfte med kvarandre kva det er å stå opp frå dei døde.

11. «Seier ikkje dei skriftlærde at fyrst må Elia koma?» spurde dei.

12. Jesus svara: «Jau, Elia kjem fyrst og set alt i rett skikk. Men kva står skrive om Menneskesonen? At han skal lida mykje og aktast for inkje.

13. Men eg seier dykk at Elia alt er komen, og dei gjorde med han som dei ville – så som det står skrive om han.»

14. Då dei kom attende til dei andre læresveinane, såg dei ein stor folkehop samla ikring dei og nokre skriftlærde som var i ordskifte med dei.

15. Med det same folket fekk auga på Jesus, stokk dei til, og dei sprang imot han og helsa.

16. «Kva er det de er usamde om?» spurde han.

17. Ein i flokken svara: «Meister, eg er komen til deg med son min; han har ei mållaus ånd i seg.

18. Når ho tek tak i han, kastar ho han over ende, skummet står or munnen, og han skjer tenner og vert stiv. Eg bad læresveinane dine driva henne ut, men dei makta det ikkje.»

19. Då sa Jesus til dei: «Du vantruande ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit til meg med han!»

20. Dei leidde guten bort til han, og med det same ånda fekk sjå Jesus, reiv og sleit ho i guten så han fall til jorda og velte seg og togg skum.

21. «Kor lenge har han hatt det så?» spurde Jesus. «Sidan han var liten,» svara faren.

22. «Ofte har ånda kasta han både i eld og vatn for å gjera ende på han. Men kan du gjera noko, så ha medynk med oss og hjelp oss!»

Les hele kapitlet Markus 9