Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 8:27-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. Sidan fór Jesus og læresveinane hans bort til landsbyane ved Cæsarea Filippi. På vegen spurde han læresveinane: «Kven seier folk at eg er?»

28. Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre ein av profetane.»

29. «Og de,» spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Messias.»

30. Men det forbaud han dei strengt å seia til nokon.

31. Då tok Jesus til å læra dei: «Menneskesonen skal lida mykje og verta vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal verta slegen i hel, og tre dagar etter skal han stå opp att.»

32. Dette sa han med reine ord. Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rettes.

33. Men Jesus snudde seg, såg på læresveinane og sa strengt til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du har ikkje sans for det som Gud vil, berre for det som menneske vil.»

34. Sidan kalla han til seg folket og læresveinane sine og sa til dei: «Vil nokon vera i lag med meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja meg.

35. For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld og for evangeliet, han skal berga det.

36. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel?

37. Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?

Les hele kapitlet Markus 8