Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 8:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein gong på den tid var det atter mykje folk samla, og dei hadde ikkje noko å eta. Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa:

2. «Eg tykkjer hjarteleg synd i folket. No har dei alt vore hjå meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta.

3. Lèt eg dei fara svoltne heim, vert dei reint utmødde på vegen; for somme av dei har kome lange vegar.»

4. «Kvar kan ein få brød frå her i øydemarka til å metta alle desse?» svara læresveinane.

5. «Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju,» svara dei.

6. Då bad han folket setja seg på marka. Så tok han dei sju brøda, bad takkebøna, braut dei og gav til læresveinane, så dei skulle dela dei ut, og dei delte dei ut til folket.

7. Nokre få småfiskar hadde dei òg. Jesus velsigna dei og sa at dei skulle delast ut.

8. Alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp det som låg att; det vart sju korger.

9. Og det var ikring fire tusen menneske der. Så lét han dei fara heim.

10. Straks etter gjekk han i båten med læresveinane og kom til bygdene ved Dalmanuta.

11. No kom farisearane til, og dei gav seg i ordskifte med Jesus. Dei bad han om eit teikn frå himmelen, for dei ville setja han på prøve.

12. Då sukka han djupt og sa: «Kvifor krev denne ætta eit teikn? Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje få noko teikn.»

13. Dermed gjekk han ifrå dei, steig i båten og drog over til hi sida.

Les hele kapitlet Markus 8