Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 7:9-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Og han sa til dei: «Ja, de fer fint åt! De gjer Guds bod om inkje, så de kan fylgja dykkar eigne føresegner.

10. Moses har sagt: Æra far din og mor di, og: Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy.

11. Men de lærer: Om ein mann seier til far sin eller mor si: Det som eg skulle ha hjelpt deg med, skal vera ein korban – det er ei gåve til templet –

12. då lèt de han ikkje få lov til å hjelpa far sin eller mor si.

13. Såleis gjer de Guds ord om inkje av omsyn til dei føresegnene de har overteke og gjev vidare. Og slikt gjer de mykje av.»

14. Så kalla han folket saman att og sa: «Høyr på meg alle, og skjøna det eg seier!

15. Ikkje noko av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint. Men det som går ut or mennesket, det gjer mennesket ureint.

16. Den som har øyro å høyra med, han høyre!»

17. Då han var komen i hus, bort frå folket, spurde læresveinane han om denne likninga.

18. «Forstår de ikkje noko, de heller?» sa han. «Skjønar de ikkje at det som kjem inn i mennesket utanfrå, ikkje kan gjera det ureint?

19. Det kjem då ikkje inn i hjarta, men fer ned i magen og ut att.» Dermed slo han fast at all mat er rein.

Les hele kapitlet Markus 7