Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 7:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Farisearane og nokre skriftlærde som var komne frå Jerusalem, samla seg om Jesus.

2. Då la dei merke til at nokre av læresveinane hans åt med vanheilage, det vil seia uvaska hender.

3. For farisearane og alle andre jødar vaskar hendene med litt vatn før dei et. Dette er i samsvar med føresegnene frå dei gamle.

4. Og når dei kjem frå torget, et dei ikkje før dei har vaska seg. Dei har òg mange andre skikkar, som dei har overteke og held fast på, så som å skylja koppar og krus og koparkjerald.

5. Difor spurde farisearane og dei skriftlærde han: «Kvifor fylgjer ikkje læresveinane dine dei føresegnene som vi har frå dei gamle, men et med vanheilage hender?»

6. Då sa Jesus: «Jesaja spådde rett om dykk, hyklarar, som det står skrive:Dette folket ærar meg ¬med lippene,men hjarta deira er langt borte ¬frå meg.

7. Dei dyrkar meg fåfengt,for det dei lærer, ¬er menneskebod.

Les hele kapitlet Markus 7