Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 3:4-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Så spurde han dei andre: «Kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller å gjera vondt, berga liv eller øyda liv? Men dei tagde.

5. Då såg han på alle ikring seg, harm og sorgfull fordi dei var så harde i hjarta. Og han sa til mannen: «Rett ut handa!» Han så gjorde, og handa vart god att.

6. Men farisearane gjekk ut, og saman med herodianarane tok dei straks til å leggja planar om korleis dei skulle få rudt han or vegen.

7. Så drog Jesus med læresveinane sine ned til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilea fylgde han.

8. Og frå Judea og Jerusalem, frå Idumea og landet austanfor Jordan og frå bygdene kring Tyrus og Sidon kom dei til han i store flokkar; for dei hadde høyrt om alt han gjorde.

9. Då sa han til læresveinane at det skulle liggja ein båt ferdig til han, om folket skulle trengja for hardt innpå han.

10. For han lækte mange, så alle som hadde plager, trengde seg fram og ville ta i han.

11. Og når dei ureine åndene såg han, kasta dei seg ned for han og ropa: «Du er Guds Son!»

12. Men han baud dei strengt at dei ikkje måtte gjera han kjend.

13. Så gjekk Jesus opp i fjellet. Han kalla til seg dei han ville, og dei kom til han.

14. Han sette inn tolv som skulle vera med han, og som han ville senda ut. Dei skulle forkynna

15. og ha makt til å driva ut dei vonde åndene.

16. Han sette inn dei tolv; det var Simon, som han kalla Peter,

17. Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans – desse to kalla han Boanerges, det tyder toresøner –

Les hele kapitlet Markus 3