Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 15:31-47 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

31. På same måten gjorde overprestane og dei skriftlærde narr av han og sa seg imellom: «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa!

32. Lat no Messias, Israels konge, stiga ned av krossen, så vi kan sjå og tru!» Dei som var krossfeste saman med Jesus, spotta han, dei òg.

33. Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret låg til den niande timen.

34. Ikring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Eloï, Eloï, lamá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»

35. Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.»

36. Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med eddikvin, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. «Lat oss sjå,» sa han, «om Elia kjem og tek han ned.»

37. Men Jesus ropa høgt og anda ut.

38. Då rivna forhenget i templet i to, ovanfrå og heilt ned.

39. Og då offiseren som stod midt framfor Jesus, såg korleis han anda ut, sa han: «Sanneleg, denne mannen var Guds Son!»

40. Langt unna stod det nokre kvinner og såg på. Mellom dei var Maria Magdalena, Salome og Maria, mor til Jakob den yngre og Joses.

41. Dei hadde fylgt Jesus og tent han då han var i Galilea. Det stod òg mange andre kvinner der, som hadde vore med han opp til Jerusalem.

42. Det var helgaftan, dagen før sabbaten, og det leid alt mot kveld.

43. Josef frå Arimatea, ein høgvørd rådsherre, som venta på Guds rike, tok då mot til seg og gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu lekam.

44. Pilatus undra seg over at Jesus alt var død. Han kalla til seg offiseren og spurde om det var så.

45. Då han fekk dette stadfest av offiseren, lét han Josef få liket.

46. Så kjøpte Josef eit linklede, tok Jesus ned og sveipte han i det. Han la han i ei grav som var hogd ut i bergveggen, og velte ein stein attfor gravopninga.

47. Maria Magdalena og Maria, mor til Joses, såg kvar han vart lagd.

Les hele kapitlet Markus 15