Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 15:23-41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Der baud dei han vin med myrra i, men han ville ikkje ha det.

24. Så krossfeste dei han. Kleda hans skifte dei mellom seg og kasta lodd om kva kvar skulle ha.

25. Det var ikring den tredje timen dei krossfeste han.

26. Og innskrifta med klagemålet mot han lydde: «Kongen over jødane».

27. Saman med Jesus krossfeste dei to røvarar, ein på høgre og ein på venstre sida hans.

28. Såleis vart det oppfylt, det skriftordet som seier: Og han vart rekna mellom brotsmenn.

29. Dei som gjekk framom, riste på hovudet og spotta han: «No, du som riv ned templet og byggjer det opp att på tre dagar!

30. Frels deg sjølv og stig ned av krossen!»

31. På same måten gjorde overprestane og dei skriftlærde narr av han og sa seg imellom: «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa!

32. Lat no Messias, Israels konge, stiga ned av krossen, så vi kan sjå og tru!» Dei som var krossfeste saman med Jesus, spotta han, dei òg.

33. Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret låg til den niande timen.

34. Ikring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Eloï, Eloï, lamá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»

35. Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.»

36. Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med eddikvin, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. «Lat oss sjå,» sa han, «om Elia kjem og tek han ned.»

37. Men Jesus ropa høgt og anda ut.

38. Då rivna forhenget i templet i to, ovanfrå og heilt ned.

39. Og då offiseren som stod midt framfor Jesus, såg korleis han anda ut, sa han: «Sanneleg, denne mannen var Guds Son!»

40. Langt unna stod det nokre kvinner og såg på. Mellom dei var Maria Magdalena, Salome og Maria, mor til Jakob den yngre og Joses.

41. Dei hadde fylgt Jesus og tent han då han var i Galilea. Det stod òg mange andre kvinner der, som hadde vore med han opp til Jerusalem.

Les hele kapitlet Markus 15