Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 14:56-72 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

56. Det var mange som vitna falskt mot han, men vitnemåla samsvara ikkje.

57. Då stod det fram nokre som vitna falskt imot han og sa:

58. «Vi har høyrt han seia: Eg skal riva ned dette templet som er gjort med hender, og på tre dagar skal eg byggja opp eit anna som ikkje er gjort med hender.»

59. Men heller ikkje her var det samsvar mellom vitnemåla.

60. Då reiste øvstepresten seg, steig fram og spurde Jesus: «Har du ikkje noko å seia til det dei klagar deg for?»

61. Men Jesus tagde og svara ikkje eit ord. Atter spurde øvstepresten: «Er du Messias, Son til Den Høglova?»

62. Jesus svara: «Det er eg. Og de skal få sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa åt Den Mektige og koma med himmelskyene.»

63. Då reiv øvstepresten sund kappa si og sa: «Kva skal vi med fleire vitne?

64. De har høyrt korleis han spottar Gud. Kva meiner de?» Alle sa han var skuldig til å døy.

65. Då tok somme til å spytta på han, og dei la eit plagg over andletet hans, slo han med nevane og sa: «No kan du vera profet!» Og vaktmennene slo han på kinnet.

66. Medan Peter var nede på gardsplassen, kom ei av tenestjentene hjå øvstepresten.

67. Då ho såg Peter som sat og vermde seg, stirte ho på han og sa: «Du òg var med denne nasarearen Jesus.»

68. Men han nekta. «Eg veit ikkje og skjønar ikkje kva du talar om,» sa han og gjekk ut i portromet.

69. Men jenta fekk auga på han der, og tok atter til å seia til dei som stod ikring: «Han er ein av dei.»

70. Men han nekta på nytt. Litt etter sa dei som stod der, til Peter: «Ja menn er du ein av dei! Du er då galilear.»

71. Då sette han i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje den mannen de talar om.»

72. I det same gol hanen andre gongen. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han brast i gråt.

Les hele kapitlet Markus 14