Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 14:50-65 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

50. Då forlét alle Jesus og rømde.

51. Ein ung mann fylgde etter Jesus; han hadde berre eit linklede om seg. Dei tok han,

52. men han sleppte linkledet og rømde naken.

53. Så førte dei Jesus til øvstepresten, og der kom dei saman, alle overprestane, dei eldste og dei skriftlærde.

54. Men Peter fylgde etter Jesus, eit langt stykke unna, til han kom inn på gardsplassen åt øvstepresten. Der sette han seg mellom vaktmennene og vermde seg ved elden.

55. Overprestane og heile Rådet leita etter vitnemål mot Jesus, så dei kunne få dømt han til døden. Men dei fekk ikkje noko på han.

56. Det var mange som vitna falskt mot han, men vitnemåla samsvara ikkje.

57. Då stod det fram nokre som vitna falskt imot han og sa:

58. «Vi har høyrt han seia: Eg skal riva ned dette templet som er gjort med hender, og på tre dagar skal eg byggja opp eit anna som ikkje er gjort med hender.»

59. Men heller ikkje her var det samsvar mellom vitnemåla.

60. Då reiste øvstepresten seg, steig fram og spurde Jesus: «Har du ikkje noko å seia til det dei klagar deg for?»

61. Men Jesus tagde og svara ikkje eit ord. Atter spurde øvstepresten: «Er du Messias, Son til Den Høglova?»

62. Jesus svara: «Det er eg. Og de skal få sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa åt Den Mektige og koma med himmelskyene.»

63. Då reiv øvstepresten sund kappa si og sa: «Kva skal vi med fleire vitne?

64. De har høyrt korleis han spottar Gud. Kva meiner de?» Alle sa han var skuldig til å døy.

65. Då tok somme til å spytta på han, og dei la eit plagg over andletet hans, slo han med nevane og sa: «No kan du vera profet!» Og vaktmennene slo han på kinnet.

Les hele kapitlet Markus 14