Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 14:5-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Salven kunne vore seld for meir enn tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige.» Og dei tala kvast til henne.

6. Men Jesus sa: «Lat henne vera! Kvifor er de leie med henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg.

7. Dei fattige har de alltid hjå dykk, og dei kan de gjera vel imot når de vil; men meg har de ikkje alltid.

8. Ho gjorde det ho kunne, og føreåt salva ho lekamen min til gravferda.

9. Sanneleg, det seier eg dykk: Alle stader i verda der evangeliet vert forkynt, skal det ho gjorde, verta fortalt til minne om henne.»

10. Judas Iskariot, ein av dei tolv, gjekk til overprestane og baud seg til å gje Jesus i deira hand.

11. Då dei høyrde det, vart dei glade og lova å gje han pengar. Og sidan leita han etter eit lagleg høve til å svika han.

12. Fyrste dagen i usyrdebrødshelga, den dagen dei slakta påskelammet, sa læresveinane til Jesus: «Kvar vil du vi skal gå og stella til påskemåltidet for deg?»

13. Då sende han to av læresveinane i veg og sa til dei: «Gå inn i byen! Der møter de ein mann som ber ei krukke med vatn. Han skal de fylgja,

14. og der han går inn, skal de seia til mannen i huset: Meisteren spør: Kvar er romet der eg kan halda påskemåltid med læresveinane mine?

15. Då syner han dykk ein sal ovanpå med benker og puter, ferdig til måltid. Der skal de stella til for oss.»

16. Så gjekk læresveinane av stad, og då dei kom inn i byen, fann dei det så som han hadde sagt. Og dei stelte til påskemåltidet.

17. Då det vart kveld, kom Jesus med dei tolv.

18. Medan dei sat til bords og åt, sa han: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg, ein som et i lag med meg.»

19. Då vart dei sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg?»

20. Han svara: «Det er ein av dei tolv, ein som duppar i fatet saman med meg.

Les hele kapitlet Markus 14