Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 1:6-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lerbelte om livet, og maten hans var grashopper og vill honning.

7. Han forkynte: «Etter meg kjem han som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans.

8. Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den Heilage Ande.»

9. På den tid kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt av Johannes i Jordan.

10. Med det same han steig opp or vatnet, såg han himmelen opna seg og Anden dala ned over han som ei due.

11. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar. Deg har eg hugnad i.»

12. Straks etter dreiv Anden han ut i øydemarka;

13. og der var han i førti dagar og vart freista av Satan. Han heldt til mellom dei ville dyra; englane tente han.

14. Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilea og forkynte Guds evangelium

15. og sa: «Tida er komen, og Guds rike er nær. Vend om og tru på evangeliet!»

16. Ein gong han gjekk langsmed Galilea-sjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta not i sjøen, for dei var fiskarar.

17. Jesus sa til dei: «Fylg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»

18. Då gjekk dei beint ifrå nøtene sine og fylgde han.

19. Då Jesus kom litt lenger fram, fekk han sjå Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans; dei sat i båten og bøtte nøtene sine.

20. Straks kalla han dei, og dei gjekk ifrå far sin, Sebedeus, som sat att i båten saman med leigekarane, og dei fylgde Jesus.

21. Så kom dei til Kapernaum, og då det vart sabbat, gjekk han inn i synagoga og lærte folket.

22. Dei var tekne av undring over læra hans, for han lærte med mynde og ikkje som dei skriftlærde.

Les hele kapitlet Markus 1