Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 6:27-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. Men til dykk som høyrer på meg, seier eg: Elska fiendane dykkar, gjer vel mot dei som hatar dykk,

28. velsigna dei som bannar dykk, og bed for dei som talar ille om dykk.

29. Slår nokon dykk på det eine kinnet, så byd fram det andre òg. Tek nokon kappa frå deg, så nekta han ikkje skjorta heller.

30. Gjev kvar den som bed deg; og tek nokon frå deg det som ditt er, skal du ikkje krevja det att.

31. Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei.

32. Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å takka dykk for? Jamvel syndarane elskar når nokon elskar dei.

33. Og om de gjer vel mot dei som gjer vel mot dykk, er det noko å takka dykk for? Det gjer syndarane òg.

34. Og om de låner til dei som de ventar å få att av, er det noko å takka dykk for? Syndarar låner òg til syndarar når dei kan få like mykje att.

35. Nei, elska fiendane dykkar, gjer vel og lån bort utan å venta noko att. Då skal løna dykkar vera stor, og de skal vera born åt Den Høgste. For han er god mot dei utakksame og vonde.

36. Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam.

37. Døm ikkje, så skal de ikkje dømast. Fordøm ikkje, så skal de ikkje fordømast. Ettergjev, så skal de få ettergjeving.

38. Gjev, så skal de få: Eit godt, stappa, rist og overfylt mål skal de få i fanget. For med det målet de sjølve mæler med, skal det mælast opp til dykk.

39. Han fortalde dei òg ei likning: Kan ein blind leia ein blind? Kjem dei ikkje begge til å falla i grøfta?

Les hele kapitlet Lukas 6