Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 14:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein gong var Jesus gjest hjå ein av rådsherrane, som var farisear. Det var sabbat, og dei heldt auga med han.

2. Best det var, stod det framfor han ein mann som hadde vass-sott.

3. Då spurde Jesus dei lovkunnige og farisearane: «Er det tillate å lækja på sabbaten, eller er det ikkje?»

4. Dei tagde. Då tok han på mannen, gjorde han frisk og lét han gå.

5. Så sa han til dei: «Dersom ein av dykk har ein son eller ein okse som dett i brunnen, dreg han dei ikkje straks opp, endå om det er sabbat?»

6. Dei kunne ikkje svara på dette.

7. Då han la merke til korleis gjestene valde seg ut dei øvste plassane ved bordet, fortalde han dei ei likning:

8. Når du vert beden i gjestebod, så set deg ikkje øvst ved bordet. For det kunne henda at ein som er gjævare enn du, var beden,

9. og at verten som bad dykk begge, kjem og seier til deg: «Gjev rom for denne gjesten!» Då må du setja deg nedst og skjemmast.

10. Nei, når du er beden ein stad, så gå og set deg nedst ved bordet. Så kan verten koma og seia til deg: «Flytt deg høgare opp, venen min.» Då får du ære medan alle gjestene ser på.

11. For den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.

12. Han sa òg eit ord til den som hadde bede han: «Når du vil halda eit middags- eller kveldslag, så bed ikkje vener og brør og skyldfolk og rike grannar. For dei kjem til å be deg att, så du får vederlag.

13. Nei, når du vil halda gjestebod, så bed fattige, vanføre, lame og blinde.

14. Då vert du lukkeleg, for dei har ikkje noko å gje att. Men du skal få vederlag når dei rettferdige står opp.»

Les hele kapitlet Lukas 14