Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 12:5-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Eg skal syna dykk kven de skal ottast: De skal ottast han som fyrst kan slå i hel og sidan har makt til å kasta i helvete. Ja, seier eg dykk, han skal de ottast!

6. Sel dei ikkje fem sporvar for eit par øre? Og ikkje ein av dei er gløymd hjå Gud.

7. Ja, kvart håret på hovudet dykkar er talt. Så ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar.

8. Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar.

9. Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar.

10. Og kvar den som talar eit ord mot Menneskesonen skal få tilgjeving. Men den som spottar Den Heilage Ande, får ikkje tilgjeving.

11. Når dei fører dykk fram for domstolane i synagogene og for dei som styrer og rår, syt då ikkje for korleis de skal forsvara dykk eller kva de skal seia.

12. For det skal Den Heilage Ande læra dykk i same stund.

13. Ein i folkehopen sa til han: «Meister, sei til bror min at han skal skifta arven med meg!»

14. Men Jesus svara: «Ven, kven har sett meg til å døma eller skifta mellom dykk?»

15. Så sa han til dei alle: «Ta dykk i vare for all havesykje! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje.»

16. Og han fortalde dei ei likning:Det var ein gong ein rik mann. Jorda hans hadde bore godt,

17. og han tenkte med seg: «Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom åt grøda mi.

18. Jau, no veit eg det: Eg vil riva ned løene mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt det eg elles eig.

19. Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande for mange år. Unn deg ro, et, drikk og ver glad!»

20. Men Gud sa til han: «Du dåre! I denne natt krev dei livet ditt av deg. Kven skal då ha det du har samla?»

21. Såleis går det med den som samlar seg skattar og ikkje er rik i Gud.

22. Difor seier eg dykk, sa han til læresveinane:Syt ikkje for livet, kva de skal eta, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med.

23. Livet er meir enn maten og kroppen meir enn kleda.

Les hele kapitlet Lukas 12