Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 12:26-44 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Når de ikkje eingong maktar så lite, kvifor syter de då for alt det andre?

27. Sjå på liljene! Dei spinn ikkje og vev ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.

28. Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande!

29. Ver ikkje ottefulle, og tenk ikkje berre på kva de skal eta og kva de skal drikka.

30. For det er noko alle folk på jorda spør etter. Men Far dykkar veit at de treng dette.

31. Søk heller hans rike, så skal de få dette attåt.

32. Ottast ikkje, du vesle flokk! Det er Far dykkars vilje å gje dykk riket.

33. Sel det de eig, og gjev pengane til dei fattige. Få dykk pungar som ikkje kan slitast ut, ein uforgjengeleg skatt i himmelen, der tjuvar ikkje kjem til, og mòl ikkje øyder.

34. For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera.

35. Spenn beltet om livet og lat lampene brenna!

36. Ver lik tenarar som ventar herren sin heim frå gjestebod, og står ferdige til å lata opp så snart han kjem og bankar på.

37. Sæle dei tenarar som herren finn vakande når han kjem! Sanneleg, det seier eg dykk: Han skal spenna beltet om livet og føra dei til bords og sjølv gå fram og tena dei.

38. Anten han kjem i den andre nattevakta eller i den tredje: Sæle er dei når han finn det så.

39. Men det skal de vita: Dersom husbonden visste kva tid tjuven kom, ville han ikkje la han bryta seg inn i huset.

40. Så ver budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.

41. Då spurde Peter: «Herre, seier du denne likninga berre til oss, eller er ho for alle?»

42. Herren svara:Kven er den trugne og kloke hushaldaren, den som husbonden set over tenestfolket sitt, så han kan gje dei mat i rett tid?

43. Det er den tenaren som husbonden finn i arbeid med dette når han sjølv kjem attende. Sæl er han!

44. Sanneleg, det seier eg dykk: Husbonden skal setja han over alt det han eig.

Les hele kapitlet Lukas 12