Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Kolossarane 3:4-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

5. Så lat då det jordiske i dykk døy: hor, ureinskap, lidenskap, vond lyst og havesykje, som ikkje er anna enn avgudsdyrking.

6. Det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige.

7. Til dei høyrde de òg den gongen de levde i desse syndene.

8. Men no må de leggja av alt dette: sinne, ilske, vondskap, spott og rått snakk.

9. Og lyg ikkje for kvarandre! For de har lagt av det gamle mennesket med dei gjerningar det gjer

10. og ikledt dykk det nye mennesket, som vert fornya etter sin skapars bilete og lærer han å kjenna.

11. Her er ikkje grekar eller jøde, omskoren eller uomskoren, utlending, skytar, træl eller fri; men Kristus er alt og i alle.

12. De er Guds utvalde, helga og elska av han. Kled dykk difor i inderleg medkjensle og godleik! Ver audmjuke, ta dykk ikkje sjølve til rettes, men ver tolsame,

13. så de ber over med kvarandre og tilgjev kvarandre, om den eine har noko å klaga den andre for. Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre.

14. Og framfor alt, kled dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og fullendar.

15. Lat Kristi fred rå i hjarto dykkar, for til det vart de kalla då de vart ein lekam. Og ver takksame!

Les hele kapitlet Kolossarane 3