Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Kolossarane 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Det gamle og det nye mennesket

1. Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand.

2. Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda.

3. De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud.

4. Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

5. Så lat då det jordiske i dykk døy: hor, ureinskap, lidenskap, vond lyst og havesykje, som ikkje er anna enn avgudsdyrking.

6. Det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige.

7. Til dei høyrde de òg den gongen de levde i desse syndene.

8. Men no må de leggja av alt dette: sinne, ilske, vondskap, spott og rått snakk.

9. Og lyg ikkje for kvarandre! For de har lagt av det gamle mennesket med dei gjerningar det gjer

10. og ikledt dykk det nye mennesket, som vert fornya etter sin skapars bilete og lærer han å kjenna.

11. Her er ikkje grekar eller jøde, omskoren eller uomskoren, utlending, skytar, træl eller fri; men Kristus er alt og i alle.

12. De er Guds utvalde, helga og elska av han. Kled dykk difor i inderleg medkjensle og godleik! Ver audmjuke, ta dykk ikkje sjølve til rettes, men ver tolsame,

13. så de ber over med kvarandre og tilgjev kvarandre, om den eine har noko å klaga den andre for. Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre.

14. Og framfor alt, kled dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og fullendar.

15. Lat Kristi fred rå i hjarto dykkar, for til det vart de kalla då de vart ein lekam. Og ver takksame!

16. Lat Kristi ord få rikeleg rom hjå dykk, så de med visdom kan læra og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar; syng for Gud med takk i hjarta!

17. Og alt de gjer, i ord og gjerning, gjer det i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved han.

Heim og huslyd

18. De koner skal underordna dykk mennene dykkar, som det sømer seg for kristne.

19. De menn skal elska konene dykkar og ikkje vera harde mot dei.

20. De born skal vera lydige mot foreldra dykkar i alle ting, for det er til hugnad for Herren.

21. De fedrar skal ikkje stella dykk såleis med borna at dei vert arge og misser motet.

22. De trælar skal lyda dei jordiske herrane dykkar i alle ting. Ver ikkje augnetenarar, som berre vil gjera menneske til lags, men lyd dei av eit ærleg hjarta og i age for Herren.

23. Alt de gjer, skal de gjera viljug, som for Herren og ikkje for menneske.

24. For de veit at de skal få arven til løn av Herren. Kristus er den herren de skal tena.

25. Men den som gjer urett, skal få den løn han fortener. Her er det ikkje skilnad på folk.