Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Kolossarane 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Eg vil de skal vita kor hardt eg strider for dykk og for dei i Laodikea og for alle dei andre som ikkje kjenner meg av sjølvsyn.

2. Det eg ynskjer for dei, er at dei må få nytt mot, verta knytte saman i kjærleik og nå fram til heile rikdomen av overtyding og skjøn, så dei kan fatta Guds løyndom, som er Kristus.

3. For i han ligg alle skattar av visdom og kunnskap gøymde.

4. Dette seier eg for at ingen skal lura dykk med lokkande talemåtar.

5. For om eg er fråverande med lekamen, er eg hjå dykk i tankane, og eg ser med glede den gode orden som rår hjå dykk, og kor faste de er i trua på Kristus.

Kristi fullnad og dåpen

6. De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han.

7. Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud!

8. Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus.

9. For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg,

10. og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad.

11. I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda.

12. For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde.

13. De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder.

14. Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen.

15. Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Mot falske menneskebod

16. Så lat då ingen døma dykk for det de et eller drikk, og heller ikkje når det gjeld høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar.

17. Alt dette er berre eit skuggebilete av det som skulle koma, men lekamen er Kristi lekam.

18. Somme driv med sjølvfornekting, dei kallar, og engledyrking og held seg til syner dei har hatt. Lat dei ikkje røva sigerskransen frå dykk! Utan grunn gjer dei seg til av sine menneskelege tankar

19. og held ikkje fast på han som er hovudet. Han gjer at heile lekamen veks så som Gud vil, og lekamen vert halden oppe og bunden saman av alle leder og band.

20. Når de med Kristus har døytt bort frå grunnkreftene i verda, korleis kan de då, som om de endå levde i verda, retta dykk etter slike bod:

21. «Ta ikkje», «smak ikkje», «rør ikkje»?

22. Dette er berre menneskelege bod og lærdomar om ting som er etla til å brukast og gå til grunne.

23. Rett nok skal slikt vera visdom, både sjølvvald gudsdyrking, sjølvfornekting og skamfaring av kroppen. Men det er ingen ting verdt, det tener berre til å gjera den syndige menneskenaturen til viljes.