Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 9:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då Jesus gjekk frametter, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd.

2. Læresveinane spurde: «Rabbi, kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?»

3. Jesus svara: «Korkje han eller foreldra hans har synda. Men det hende for at Guds gjerningar skulle syna seg på han.

4. Så lenge det er dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida.

5. Medan eg er i verda, er eg ljoset for verda.»

6. Då han hadde sagt det, spytta han på jorda og laga ei gjørme og smurde på augo til mannen.

7. Så sa han til han: «Gå og vask deg i Siloa-dammen.» Siloa tyder «utsend». Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå.

8. Grannane og dei som før hadde sett at han tigga, sa då: «Er ikkje dette han som sat og bad seg?»

9. «Jau, det er han,» sa somme. Andre sa: «Nei, men han er lik han.» Sjølv sa han: «Det er eg.»

10. «Korleis vart augo dine opna?» spurde dei.

11. Han svara: «Den mannen som heiter Jesus, laga ei gjørme og smurde på augo mine og sa: Gå til Siloa og vask deg! Eg gjekk dit, og då eg hadde vaska meg, kunne eg sjå.»

Les hele kapitlet Johannes 9