Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 7:10-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Men då brørne hans var farne opp til høgtida, fór han òg dit, ikkje berrsynt, men meir i løynd.

11. Jødane leita etter han på høgtida og spurde: «Kvar er han?»

12. Og det vart kviskra mykje om han mellom folket. Somme sa: «Det er ein god mann.» Andre sa: «Nei, han fører folket vilt.»

13. Ingen sa høgt kva dei meinte om han, for dei var redde jødane.

14. Då det leid midt ut i høgtida, gjekk Jesus opp på tempelplassen og lærte.

15. Jødane undra seg og sa: «Kvar har han lærdomen sin frå, han som ikkje har fått noka opplæring?»

16. Jesus svara: «Mi lære er ikkje mi; ho er frå han som sende meg.

17. Den som vil gjera hans vilje, han skal få røyna om læra er frå Gud, eller om eg har henne frå meg sjølv.

18. Den som talar ut frå seg sjølv, søkjer si eiga ære; men den som søkjer ære for han som har sendt han, talar sant, og det finst ikkje urett i han.

19. Har ikkje Moses gjeve dykk lova? Men ingen av dykk held lova! Kvifor vil de då drepa meg?»

20. «Du er forgjord,» svara folket, «kven er det som vil drepa deg?»

21. Jesus svara: «Éi gjerning har eg gjort, som de alle undrar dykk over.

22. Moses har gjeve dykk omskjeringa – ja, ho er ikkje frå Moses, men frå fedrane – og de omskjer jamvel på ein sabbat.

23. Når no eit menneske kan omskjerast på ein sabbat, så ikkje Moselova skal brytast, kvifor er de då harme på meg fordi eg har gjort heile mannen frisk på ein sabbat?

24. Døm ikkje etter det de ser, men døm rettferdig!»

25. Då sa nokre av dei som budde i Jerusalem: «Er ikkje dette den mannen som dei vil drepa?

26. Og no står han og talar ope og fritt, og dei seier ikkje eit ord til han. Kan rådsherrane verkeleg ha kome til at han er Messias?

27. Vi veit då kvar denne mannen er ifrå. Men når Messias kjem, skal ingen vita kvar han er ifrå.»

28. Då ropa Jesus ut medan han lærte på tempelplassen: «De kjenner meg og veit kvar eg er ifrå. Men eg er ikkje komen av meg sjølv; og han som har sendt meg, er truverdig. Han kjenner de ikkje.

29. Men eg kjenner han; for eg kjem frå han, og han har sendt meg.»

30. Då ville dei gripa han, men det var ingen som la hand på han, for endå var ikkje tida hans komen.

Les hele kapitlet Johannes 7