1. Sidan fór Jesus ikring i Galilea. Han ville ikkje vera i Judea fordi jødane stod han etter livet.
2. Så leid det fram til lauvhyttefesten, ei av høgtidene åt jødane.
3. Då sa brørne hans til han: «Far herifrå og reis til Judea, så læresveinane dine òg kan få sjå dei gjerningar du gjer.
4. For ingen som vil verta kjend, gjer noko i løynd. Når du gjer slike ting, så stig fram for verda!»
5. For brørne hans trudde ikkje på han, dei heller.
6. Jesus sa til dei: «Mi tid er enno ikkje komen, men for dykk er det alltid lagleg tid.
7. Verda kan ikkje hata dykk; men meg hatar ho, fordi eg vitnar om henne at gjerningane hennar er vonde.
8. Far de opp til høgtida; eg fer ikkje, for mi tid er enno ikkje komen.»
9. Dette sa han til dei og vart verande i Galilea.
10. Men då brørne hans var farne opp til høgtida, fór han òg dit, ikkje berrsynt, men meir i løynd.
11. Jødane leita etter han på høgtida og spurde: «Kvar er han?»
12. Og det vart kviskra mykje om han mellom folket. Somme sa: «Det er ein god mann.» Andre sa: «Nei, han fører folket vilt.»
13. Ingen sa høgt kva dei meinte om han, for dei var redde jødane.