Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 6:49-64 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

49. Fedrane dykkar åt manna i øydemarka, men dei døydde.

50. Det brødet som kjem ned frå himmelen, er slik at den som et av det, ikkje døyr.

51. Eg er det levande brødet som har kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er lekamen min som eg gjev til liv for verda.»

52. No vart det strid mellom jødane, og dei sa: «Korleis kan han gje oss lekamen sin å eta?»

53. Jesus sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Dersom de ikkje et lekamen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk.

54. Den som et min lekam og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.

55. For lekamen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk.

56. Den som et min lekam og drikk mitt blod, vert verande i meg og eg i han.

57. Liksom Faderen, den levande, har sendt meg, og eg har liv ved han, så skal òg den som et meg, ha liv ved meg.

58. Dette er det brødet som er kome ned frå himmelen; det er ikkje det som fedrane åt, dei som døydde. Den som et dette brødet, skal leva i all æve.»

59. Dette sa han medan han lærte i synagoga i Kapernaum.

60. Mange av læresveinane hans sa då dei høyrde det: «Dette er harde ord! Kven kan høyra på slikt?»

61. Jesus visste med seg at læresveinane hans murra, og han sa til dei: «Støyter de dykk på dette?

62. Kva så når de får sjå Menneskesonen stiga opp dit han var før?

63. Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv.

64. Men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå fyrste stund kven det var som ikkje trudde, og kven som skulle svika han.

Les hele kapitlet Johannes 6