Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 6:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sidan fór Jesus bort til hi sida av Galilea-sjøen eller Tiberias-sjøen.

2. Og mykje folk fylgde etter han, fordi dei såg teikna han gjorde då han lækte dei sjuke.

3. Jesus gjekk opp i fjellet, og der sette han seg saman med læresveinane sine.

4. Det leid mot påske, høgtida åt jødane.

5. Som no Jesus såg opp og la merke til at det kom mykje folk til han, sa han til Filip: «Kvar skal vi kjøpa brød, så alle desse kan få seg mat?»

6. Det sa han for å prøva Filip; for han visste sjølv kva han ville gjera.

7. Filip svara: «Brød for to hundre denarar rekk ikkje til så kvar av dei kan få eit lite stykke.»

8. Ein annan av læresveinane, Andreas, bror til Simon Peter, sa til han:

9. «Her er ein liten gut som har fem byggbrød og to fiskar, men kva er det til så mange?»

10. Då sa Jesus: «Lat folket setja seg!» Det var mykje gras der på staden, og dei sette seg. Talet på mennene var ikring fem tusen.

11. Då tok Jesus brøda, bad takkebøn og delte ut til dei medan dei sat der, og like eins av fiskane, så mykje dei ville ha.

12. Då dei var mette, sa han til læresveinane: «Sanka i hop dei stykka som er att, så ingen ting går til spille.»

13. Dei så gjorde og fylte tolv korger med stykke som var att av dei fem byggbrøda, etter at alle hadde ete.

14. Då folket såg det teiknet Jesus hadde gjort, sa dei: «Dette er sanneleg profeten som skal koma til verda!»

Les hele kapitlet Johannes 6