Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 4:6-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Der var Jakobs-brunnen. Jesus var trøytt etter ferda og sette seg ned innmed brunnen. Det var ikring den sjette timen.

7. Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Lat meg få drikka!»

8. For læresveinane hans hadde gått inn i byen og skulle kjøpa mat.

9. «Korleis har det seg,» seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødane har ikkje noko samkvem med samaritanane.

10. Jesus svara: «Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.»

11. «Herre,» sa ho, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå?

12. Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?»

13. Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att.

14. Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.»

15. Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.»

16. Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom hit att!»

17. «Eg har ingen mann,» svara kvinna. «Det er rett som du seier, at du ikkje har nokon mann,» sa Jesus.

18. «For du har hatt fem menn, og den du har no, er ikkje din mann. No sa du sant.»

19. «Herre, eg ser at du er ein profet,» sa kvinna.

20. «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.»

21. Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, det kjem ei tid då de korkje skal tilbe Faderen på dette fjellet eller i Jerusalem.

22. De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane.

23. Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha.

Les hele kapitlet Johannes 4