Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 20:21-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Atter sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.»

22. Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den Heilage Ande!

23. Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de dei att for nokon, er dei atthaldne.»

24. Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje i lag med dei andre læresveinane då Jesus kom.

25. «Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»

26. Åtte dagar etter var læresveinane hans atter samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus medan dørene var stengde; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!»

27. Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, og sjå hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantruen, men truande!»

28. «Min Herre og min Gud!» sa Tomas.

29. Jesus seier til han: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser og endå trur.»

30. Jesus gjorde mange andre teikn for augo på læresveinane, teikn som det ikkje er skrive om i denne boka.

31. Men desse er oppskrivne for at de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de som trur, skal ha liv i hans namn.

Les hele kapitlet Johannes 20