Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 20:10-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Så gjekk læresveinane heim.

11. Men Maria stod utanfor ved grava og gret. Som ho gråtande bøygde seg fram og såg inn i grava,

12. fekk ho auga på to kvitkledde englar som sat der Jesu lekam hadde lege, ein ved hovudet og ein ved føtene.

13. «Kvifor græt du, kvinne?» spurde dei. Ho svara: «Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han.»

14. Med så sagt snudde ho seg og såg Jesus stå der; men ho skjøna ikkje at det var han.

15. «Kvifor græt du, kvinne?» spør Jesus. «Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var gartnaren og sa til han: «Herre, er det du som har teke han bort, så sei meg kvar du har lagt han; då vil eg ta han med meg.»

16. «Maria,» seier Jesus. Då snur ho seg til han og seier på hebraisk: «Rabbuni» – det tyder meister.

17. Jesus seier til henne: «Rør meg ikkje, for enno har eg ikkje fare opp til Faderen. Men gå til brørne mine og sei til dei at eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud.»

18. Då gjekk Maria Magdalena av stad og sa til læresveinane: «Eg har sett Herren.» Og ho fortalde dei kva han hadde sagt til henne.

19. Det var om kvelden same dagen, den fyrste dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!»

20. Då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren.

21. Atter sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.»

22. Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den Heilage Ande!

23. Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de dei att for nokon, er dei atthaldne.»

24. Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje i lag med dei andre læresveinane då Jesus kom.

25. «Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»

26. Åtte dagar etter var læresveinane hans atter samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus medan dørene var stengde; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!»

27. Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, og sjå hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantruen, men truande!»

Les hele kapitlet Johannes 20