Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 18:22-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Då gav ein av vaktmennene som stod der, Jesus eit slag i andletet og sa: «Er det slik du svarar øvstepresten?»

23. Jesus sa til han: «Har eg sagt noko urett, så prova det! Men var det rett det eg sa, kvifor slår du meg då?»

24. Så sende Annas han bunden til øvstepresten Kaifas.

25. Imedan stod Simon Peter og vermde seg. Då sa dei til han: «Er du òg ein av læresveinane hans?» Men han nekta og sa: «Nei, det er eg ikkje.»

26. Ein av tenarane til øvstepresten, ein slektning til han som Peter hadde hogge øyra av, seier: «Såg eg deg ikkje i hagen saman med han?»

27. Men Peter nekta atter. Og med det same gol hanen.

28. Frå Kaifas førte dei Jesus til borga åt landshovdingen. Det var tidleg om morgonen. Sjølve gjekk dei ikkje inn i borga; dei ville ikkje gjera seg ureine, for då kunne dei ikkje eta påskemåltidet.

29. Pilatus gjekk då ut til dei og sa: «Kva klagemål fører de mot denne mannen?»

30. Dei svara: «Var han ikkje ein brotsmann, hadde vi ikkje gjeve han over til deg.»

31. «Ta han de,» sa Pilatus, «og døm han etter dykkar eiga lov!» Men jødane svara: «Vi har ikkje rett til å ta livet av nokon.»

32. Såleis skulle det oppfyllast, det ordet Jesus hadde sagt, då han lét dei få vita kva slag død han skulle få.

33. Pilatus gjekk då atter inn i borga; han kalla Jesus fram for seg og spurde: «Er du kongen over jødane?»

34. Jesus svara: «Seier du dette av deg sjølv, eller har andre sagt deg det?»

Les hele kapitlet Johannes 18