Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 14:18-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk.

19. Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva.

20. Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21. Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

22. Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?»

23. Jesus svara:Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.

24. Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg.

25. Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk.

26. Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

27. Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjarta dykkar uroast, og ver ikkje motlause!

28. De høyrde at eg sa: Eg går bort, og eg kjem til dykk att. Elska de meg, så gledde de dykk over at eg går til Faderen; for Faderen er større enn eg.

29. No har eg sagt dykk det før det hender, så de skal tru når det hender.

30. Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk; for hovdingen over denne verda kjem. Han har ikkje noko krav på meg;

31. men verda skal skjøna at eg elskar Faderen, og at eg gjer som han har sagt meg. Reis dykk, og lat oss gå herifrå!

Les hele kapitlet Johannes 14