Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 13:1-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Det var straks før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Faderen. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste.

2. Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt skote det i hugen på Judas, son til Simon Iskariot, at han skulle svika han.

3. Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hand, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud.

4. Då reiser han seg frå bordet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg.

5. Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene åt læresveinane og turka dei med handkledet som han har kring livet.

6. Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: «Herre, vaskar du mine føter?»

7. Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.»

8. «Aldri skal du vaska føtene mine,» seier Peter. «Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ikkje noko saman med meg,» svara Jesus.

9. Simon Peter seier til han: «Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet med!»

10. Men Jesus svara: «Den som har lauga seg, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine – men ikkje alle.»

11. For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: «De er ikkje reine alle.»

12. Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, sette han seg til bords att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk?

13. De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg.

14. Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skal de òg vaska føtene åt kvarandre.

15. Det er eit førebilete eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera.

Les hele kapitlet Johannes 13