Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 2:1-3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Skriv til engelen for kyrkjelyden i Efesos:Dette seier han som held dei sju stjernene i si høgre hand, han som går omkring mellom dei sju gull-ljosestakane:

2. Eg veit om gjerningane dine; du har arbeidt, og du har halde ut. Eg veit òg at du ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvt dei som kallar seg apostlar, men ikkje er det, og du har funne at dei er lygnarar.

3. Du har halde ut, og du har tolt mykje for mitt namn skuld og ikkje gått trøytt.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 2