Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 16:2-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Då gjekk den fyrste og tømde si skål ut over jorda. Og vonde, farlege svullar braut ut på dei menneska som bar merket åt dyret, og som tilbad biletet av dyret.

3. Den andre engelen tømde si skål i havet, og det vart til blod som av ein død, og alt liv i havet døydde.

4. Den tredje engelen tømde si skål i elvane og kjeldene, og dei vart til blod.

5. Og eg høyrde engelen over vatnet seia: «Rettferdig er du som dømer slik, du som er og som var, du heilage.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 16