Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 1:5-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Dersom nokon av dykk vantar visdom, skal han be til Gud, og han skal få; for Gud gjev alle, viljug og utan vondord.

6. Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar havbåra som vert driven ikring og kasta hit og dit av vinden.

7. Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren,

8. tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.

9. Den bror som står lågt i verda, skal rosa seg av sitt høge stand.

10. Men den rike skal rosa seg av sitt låge stand; for som blomen i graset skal han gå til grunne.

11. Sola stig og brenn, graset visnar, blomen fell og all hans venleik kverv. På same måte skal den rike visna midt i alt sitt arbeid.

12. Sæl er den som held ut i freistingar. Når han har stått si prøve, skal han få livsens krone, som Gud har lova dei som elskar han.

13. Ingen må seia når han vert freista: «Eg vert freista av Gud.» For Gud vert ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen.

14. Når nokon vert freista, vert han lokka og dregen av si eiga lyst.

15. Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død.

16. Far ikkje vilt, mine kjære brør!

17. All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovantil, frå ljosens Far. Hjå han er det ikkje forandring eller skifte mellom ljos og mørker.

18. Av sin frie vilje har han født oss ved sanningsord, så vi skal vera ei fyrstegrøde av hans skapningar.

Les hele kapitlet Jakob 1