Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 11:7-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. I tru bygde den gudfryktige Noah ei ark då han vart varsla om det dei endå ikkje såg. Slik berga han huslyden sin. Trua hans vart ein dom over verda, og sjølv vart han arving til den rettferd som trua gjev.

8. I tru var Abraham lydig då han vart kalla, så han drog ut til eit land som han skulle få til odel og eige. Han tok ut endå han ikkje visste kvar han skulle koma.

9. I tru levde han som innflyttar i det landet Gud hadde lova han. Han budde i telt saman med Isak og Jakob, som var medarvingar til den same lovnaden.

10. For han venta på byen med dei faste grunnvollane, den som har Gud til byggmeister og skapar.

11. I tru fekk òg Sara, gamal som ho var, kraft til å grunnleggja ei ætt. For ho leit på at han som hadde gjeve lovnaden, var trufast.

12. Frå éin mann, som jamvel var utan livskraft, kom det difor ei ætt så talrik som stjernene på himmelen og så tallaus som sanden på havsens strand.

13. I tru døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det, og dei sanna at dei var framande og utlendingar på jorda.

14. Dei som talar slik, syner at dei søkjer eit fedreland.

15. Om dei hadde tenkt på det landet dei drog ut frå, hadde dei hatt tid til å fara attende.

16. Men no er det eit betre land dei lengtar etter: det himmelske. Difor skjemmest ikkje Gud ved dei, men kallar seg deira Gud; for han har gjort ein by ferdig åt dei.

17. I tru bar Abraham fram Isak som offer då han vart sett på prøve. Einaste son sin var han viljug til å ofra, han som hadde fått lovnadene,

18. og han som det var sagt til: «Det er gjennom Isak du skal få ei ætt.»

19. Han rekna med at Gud hadde makt jamvel til å vekkja opp døde. Difor fekk han sonen att; i dette ligg eit førebilete.

Les hele kapitlet Hebrearane 11