Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 11:23-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. I tru var det at foreldra til Moses gøymde den nyfødde guten i tre månader; for dei såg at det var så vent eit barn. Dei lét seg ikkje skræma av kongens bod.

24. I tru nekta Moses, då han vart stor, å vera dotterson til farao.

25. Han ville heller lida vondt saman med Guds folk enn ha ei stuttvarig nyting av synda.

26. Han heldt Kristi vanære for ein større rikdom enn skattane i Egypt. For han såg fram til løna som venta.

27. I tru drog han bort frå Egypt utan å vera redd kongens vreide. Det var som om han såg den usynlege, og difor heldt han ut.

28. I tru heldt han påske og strauk blodet på dørkarmane, så tyningsengelen ikkje skulle røra dei fyrstefødde av israelittane.

29. I tru gjekk dei gjennom Raudehavet som over turt land; men då egyptarane freista på det same, drukna dei.

30. På grunn av tru fall Jerikos murar då folket hadde gått ikring dei i sju dagar.

31. Ved tru vart skjøkja Rahab berga, så ho ikkje miste livet saman med dei vantruande; for ho hadde teke vel imot speidarane.

32. Og kva meir skal eg nemna? Tida strekk ikkje til om eg skal fortelja om Gideon, Barak, Samson og Jefta, om David, Samuel og profetane.

33. Ved tru vann dei over kongerike, heldt oppe retten, fekk lovnader oppfylte, stoppa gapet på løver,

34. sløkte veldig eld, slapp unna kvasse sverd, gjekk frå vesaldom til styrke, vart sterke i krig og slo fiendehærar på flukt.

35. Kvinner fekk att sine døde; dei stod opp. Somme vart lagde på pinebenken og sa nei til frigjeving. Dei ville heller vera med i oppstoda til eit betre liv.

36. Andre laut tola spott og piskeslag, ja, jamvel lekkjer og fengsel.

37. Somme vart steina og pinte, gjennomsaga eller drepne med sverd. Andre laut fara ikring i saueskinn og geiteskinn; dei leid naud, var i trengsle og fekk hard medferd.

Les hele kapitlet Hebrearane 11