Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 10:29-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Kor mykje strengare straff tykkjer de ikkje den fortener som har trøtt Guds Son under fot, vanhelga paktblodet som han sjølv vart helga med, og spotta nådens Ande?

30. For vi kjenner han som har sagt: «Straffa høyrer meg til, eg skal gje attergjeld.» Og vidare: «Herren skal døma folket sitt.»

31. Det er fælt å falla i hendene på den levande Gud!

32. Men tenk no attende på den fyrste tida, då de fekk ljoset og sidan heldt ut i dei lidingane de hadde å strida med.

33. Snart vart de hånte og plaga for augo på folk; snart gjorde de sams sak med andre som måtte gå gjennom det same.

34. De leid med dei som sat i fengsel, og fann dykk med glede i at det de åtte, vart røva frå dykk. De visste at de eig noko som er betre og som varer.

35. Kast ikkje bort frimodet dykkar! Det gjev stor løn.

36. De treng tolmod, så de kan gjera Guds vilje og vinna det som er lova.

37. For enno er det berre ¬ei lita stund,så kjem han som koma skal,og han skal ikkje drya.

38. Min rettferdige ¬skal leva ved tru;men dreg han seg unna,har eg ikkje hugnad i han.

39. Men vi er ikkje av dei som dreg seg unna og går fortapt, men av dei som trur og bergar si sjel.

Les hele kapitlet Hebrearane 10