Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 10:20-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Dit inn har han opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seia hans jordiske lekam.

21. Og når vi har så stor ein prest over Guds hus,

22. så lat oss stiga fram med ærleg hjarta, med full visse i trua, med hjarta reinsa for vondt samvit og lekamen lauga i reint vatn.

23. Lat oss halda urikkeleg fast på vedkjenninga av vår von; for han er trufast, han som gav lovnaden.

24. Og lat oss ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar.

25. Lat oss ikkje halda oss borte når kyrkjelyden vår samlast, som somme plar gjera; men lat oss setja mot i kvarandre, og det så mykje meir som de ser at dagen nærmar seg.

26. Syndar vi med vitende og vilje etter at vi har lært sanninga å kjenna, då finst det ikkje lenger noko offer for synder.

27. Fælsleg er det vi då har i vente: domen og Guds brennhug som skal øyda dei som står han imot.

Les hele kapitlet Hebrearane 10