Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 10:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Lova har berre ein skugge av dei gode ting som skulle koma, ikkje tinga sjølve som dei verkeleg er. År etter år vert det bore fram offer som støtt er dei same, men med dei kan ikkje lova gjera dei som ofrar, fullkomne.

2. Elles hadde dei vel halde opp med å ofra? For hadde dei som er med i gudstenesta, vorte reinsa éin gong for alle, hadde dei ikkje lenger vore medvitne om synd.

3. Men offera er kvart år ei påminning om synd.

4. For blod av oksar og bukkar kan umogeleg ta bort synder.

5. Difor seier Kristus når han stig inn i verda:Slaktoffer og gåve ¬ville du ikkje ha,men ein lekam laga du til meg;

6. brennoffer og syndoffer ¬hadde du ikkje hug på.

7. Då sa eg: Sjå, her kjem egog vil gjera din vilje, Gud.I bokrullen er det skrive ¬om meg.

8. Fyrst seier han: «Slaktoffer og gåver, brennoffer og syndoffer ville du ikkje ha og hadde du ikkje hug på,» endå det er slike offer som vert framborne etter lova.

9. Deretter seier han: «Sjå, her kjem eg og vil gjera din vilje.» Han tek bort det fyrste, så han kan setja inn det andre.

10. På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra éin gong for alle.

11. Alle andre prestar står dagleg og gjer teneste og ber gong på gong fram dei same offer, som likevel aldri kan ta bort synder.

Les hele kapitlet Hebrearane 10