Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filipparane 2:3-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve.

4. Tenk ikkje berre på det som gagnar dykk sjølve, men tenk òg på det som gagnar dei andre.

5. Lat det same huglaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!

6. Då han var i Guds skapnad,heldt han det ikkje for eit rovå vera Gud lik.

7. Men han gav avkall på sitt eige,tok på seg ein tenars skapnadog vart menneske lik.I si ferd var han ¬som eit menneske;

8. han nedra seg sjølvog vart lydig til døden,ja, døden på krossen.

9. Difor har Gud storleg ¬opphøgt hanog gjeve han det namnsom er over alle namn,

10. så kvart kne ¬skal bøya seg i Jesu namn,i himmelen, ¬på jorda og under jorda,

11. og kvar tunge sanna:Jesus Kristus er Herre, ¬til Gud Faders ære!

12. Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hjå dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med otte og age.

13. For det er Gud som verkar i dykk både å vilja og å gjera etter hans gode vilje.

14. Gjer alt utan misnøye og motseiing,

15. så de kan vera lytelause og reine, Guds ulastande born midt i ei vrang og vond ætt. Mellom dei skin de som ljos i verda

16. med di de held fast på livsens ord, og eg skal få den ros på Kristi dag at strevet og livsverket mitt ikkje har vore til fånyttes.

17. Om eg sjølv skal ofrast medan eg gjer mi heilage teneste og ber dykkar tru fram som offer, så er eg likevel glad, og eg gleder meg saman med dykk alle.

Les hele kapitlet Filipparane 2