Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filipparane 2:21-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Alle dei andre søkjer sitt eige, ikkje det som høyrer Jesus Kristus til.

22. Men de veit at Timoteus har stått si prøve. Han har vore som ein son for meg når vi saman har gjort teneste for evangeliet.

23. Eg vonar å kunna senda han til dykk så snart eg ser korleis det går med saka mi.

24. Og Herren har gjort meg trygg på at eg snart skal koma sjølv.

25. Eg har òg funne det naudsynt å senda Epafroditus attende til dykk. Han er min bror og medarbeidar og medstridande, og var dykkar utsending for å hjelpa meg med det eg trong.

26. Han lengta etter dykk alle og var uroleg fordi de hadde høyrt at han var sjuk.

27. Ja, han var verkeleg sjuk og døden nær. Men Gud synte miskunn mot han, ja, ikkje berre mot han, men mot meg òg, så eg ikkje skulle få sorg på sorg.

28. Difor er det no endå meir om å gjera for meg å senda han til dykk, så de kan gleda dykk ved å sjå han att, og eg vera meir sutlaus.

29. Ta imot han i Herrens namn og med inderleg glede. Slike som han skal de halda i ære.

Les hele kapitlet Filipparane 2